Folkemøte i Kristiansund
Den første Oktober holdast det opent folkemøte i Kristiansund. Det er gruppa Midtnorsk Kjernekraft som har dratt i gang arrangementet. Her vil det vere program frå klokka 17 til 20 på Campus Kristiansund, konferansesalen Fosnagata 12. I løpet av programmet vil det komme innslag frå ei rekke aktørar frå både industri og det offentlege. Blant dei representerte er: KNN, Neas, Thor Energy, Norsk Kjernekraft, Aure kommune samt Møre og Romsdal fylkeskommune. Dette kjem til å bli ein flott arena for å utveksle kunnskap og meiningar samt sjå kjernekraft i gjennom ei praktisk lense for lokalområdet. Under følgjer deira program:
Bilete: Midtnorsk Kjernekraft
Midtnorsk Kjernekraft arrangerte også det vellykka arrangementet ved Hitra i september i fjor. Dette var då dei 5 pensjonistane som gjer opp gruppe bestemde seg for å følgje suksessen videre frå hovudkvarter i Orkanger. Då arrangerte dei eit opent informasjonsmøte i eigen kommune og fylte salen til siste plass. Dei 150 gjestane fekk møte 8 ordførarar, ein stortingsrepresentant og ei rekke næringsdrivane. Midtnorsk Kjernekraft var på og utfordra dei frammøtte til eit nytt arrangement og dermed meldte Kristiansund seg til det møte som kjem no 1. Oktober. Vi i klimavenner heiar på denne typen aktivitet og håper å treffe fleire av dykk lesarane der i Kristiansund.